HURRA Forlag, barn bøker
Info in English Info in English

Hurra Forlag
Monolitveien 12
N 0375 Oslo
+47 41400645
post@hurra.no

Nyheter fra Hurra Forlag

Diverse lenker:
Barnepasseren.no Stedet for trygg&proff barnepass.

Ønsketreet.no Kvalitetsleker, bøker og barneutstyr i Bentsebrugata.

 

Bøker er ikkje som god sminke

Bøker er ikkje som god sminke!

Eg er ei jente på 15år, som elskar å sminke meg. Fram til nå har eg ikkje vore spesielt glad i å lesa bøker. Sjølv om eg veit at det hadde vore fornuftig å bruka meir tid på å lesa bøker i staden for all den tida eg bruker på å legge sminke. Dette fordi eg veit eg kunne ha lært meg mykje lærerikt som eg kanskje ville ha nytte av seinare, sjølv om eg ikkje skal bli forfattar.

Eg blir glad av å sminke og av å pynte meg, men den same gode følelsen kommer ikkje når eg les bøker. Eg kan ikkje forstå at nokon kan like å sitje rett opp og ned i en stol eller ligge på ein sofa eller i senga for den sakt skyld og tydeligvis kosa seg glugg i hel, med ei tjukk bok mellom fingrane.  Eg har ofte undra meg over kvifor eg aldri har treft på den riktige gode boka. Hadde det vorre like lett som å finne den gode sminke, hadde det vore ein enkel sak. Det tar meg bare eit par minutt å finne den perfekte mascaraen og fundation, men eg måtte ha leita i fleire år for å finne den boka som eg ville ha likt å lesa. Eg trur ikkje det finnast ei bok som klarer å opphelde meg meir en 30 minuttar, og da har eg pint meg sjølv lenge nok. 

Men ein dag kom det forfattarbesøk på skolen min, det var Martin Nygaard. Han virket som ein heilt vanleg forfattar, altså uinteressant og kjedeleg, han kom sikkert for å manipulere oss, gjøre oss gale etter boka hans, men det gikk ikkje med meg! Han kom for å fortelje om to av sine store verk, Autopilot og Autofokus. Eg ville egentlig bare ha besøket overstått så fort som mulig og tenkte at dette ville bli den lengste timen dette året. Men da han opna munnen sovna eg faktisk ikkje, eg vart heilt med. Eg kunne ikkje la være å høre på kva han hadde å fortelje. Han kom ikkje for å snakke om kor viktig det var å lesa litteratur, han forstod faktisk oss ungdommar. Han skjøna at vi ikkje ville lesa ei bok, med det kule omslaget og den fengande tittelen. Han hadde skreve ei bok for gutane bak i klasserommet som ikkje ville lesa. Men eg vart så oppslukt av hans foredrag, så eg tenkte at dette kanskje var ei bok for meg, og det skada jo i alle fall ikkje å prøve. For eg var jo ei jente som ikkje ville lesa, eller ikkje klarte å lesa. Eg kunne jo lesa, det var ikkje det, men eg har liksom aldri funne den rette boken for meg. Men nå trur eg at eg vart ferdig å lete, det var Martin Nygaard som skulle til. 

Hans bøker var god litteratur, og eg måtte bare lesa meir og meir. Eg klarte ikkje å legga bort boka, eg måtte bare lesa kapittel for kapittel, side opp og side ned.Så når eg vart ferdig med den første boka, så var det å begynne på den andre boka hans. Eg ble bare meir og meir oppslukt, og eg elskar måten han skrivar på, kvar setning er like spennande. Nå venter eg bare på hans bok nummer tre, den kommer eg til å lesa same dagen den kommer ut. Det er akkurat som sminke, noe som eg må ha på meg kvar dag. Eg vil lesa, eg må lesa, akkurat som med sminke. Martin Nygaard og sminke kan eg veie opp mot kvarandre, sjølv om dei er veldig forskjellige.

Men eg vil nok framleis bruke meir tid på sminke og stæsj, enn å lesa bøker. Visst Martin Nygaard ikkje holdar på til evig tid, ære vere deg, du fikk meg til å lesa fleire bøker. Takk, du tok vekk min skrekk retta mot litteratur, du viste meg at det fantes gode bøker som var leselig for ungdom. Der vart ikkje noko feil med meg, men faktisk med dei forfattarane som prøvde så veldig hardt å skriva ungdomslitteratur!


http://gurodaaeklemo.blogg.no/1228897268_nynorsk__spynorsk_.html

Guro

 

Hurra Forlag deltar på bokmessen i Gøteborg 23-26 september, på den norske fellesstanden.
Vi blir også å finne i den norske fellesstanden på bokmessen i Frankfurt 6-10 oktober.
Skal du på messe, så stikk innom :-D